Marc Ribot i skoddeheimen
Kven hadde trudd spesialgitarist Marc Ribot skulle spela på fire sangar på Velkomen skodde?
I februar 2026 var Ribot attende i Oslo på Victoria Jazzscene, då åleine på scenen. Etter den heilt nydelege konserten, fekk fotograf Marthe Vannebo ordna med eit bilete med meg og Ribot bak scenen, tatt med polaroid-kamera til Sundstøl. Så var det heile dokumentert. På rett vis.
Innhaldsrike Marc Ribot har så mange musikalske røter, ikkje minst i cubansk musikk. Dermed var komponisten og gitaristen den endelege brikka på Velkomen skodde. Og korleis var det eigentleg mogeleg? At han vart med? Det er jo, strengt tatt, eit godt stykke frå Bjella i Øvre-Ål til Broklyn i New York.
Marc Ribot & Los Cubanos Postizos spelte på Victoria Nasjonale Jazzscene i Oslo før jul i 2024. Geir Sundstøl og eg var i salen. Etter konserten tok me kontakt med Ribot, blant annet kjent frå artister som Tom Waits og Elvis Costello. Resultatet er at grenselause Ribot spelar på fire sangar på Velkomen skodde; «Kjell Hårspray», «Lengte, lengte», «Himmelen var vid» og «Sundreberget». Det er eit eventyr.
Tydeleg og subtil
Eksperimentelle Ribot arbeidde som sessionmusiker på dei fire sangane. Geir og eg sendte over låtene til han; med forklaring, tekstar oversatt til engelsk, via Vishal Nayak i crewet, og nokre tankar om det heile - på engelsk. Og etter ei tid skjedde det fantastiske, i Ribot sitt studio i Broklyn. Han sette i gang. Etter innsatsen sendte Ribot over ei rad med spor og opptak som me kunne boltre oss med. Resultatet er både tydeleg og subtilt på Velkomen skodde. Kanskje aller mest høyrbart på «Kjell Hårspray» og “Himmelen var vid”? Og noko meir forsiktig, men like intenst tilstade, på “Lengte lengte” og “Sundreberget”.
Ribot og Blair
Marc Ribot er stadig på farten rundt kloden med eit av sine mange prosjekt. At han vart med på Velkomen skodde er eit eventyr. Då eg og musikkvenene mine i unge år oppdaga Ribot, særleg etter Rain Dogs då, har eg jo vore nysgjerrig på avatgarde-gitaristen. Litt ekstra moro er det jo også at på tredjeplata mi; Heim for å døy, spelar trommisen til Waits, Michael Blair, no busett i Stockholm. Me gjorde tjuge konsertar sammen i 2014, blant anna Kirkhellaren på Træna, då sammen med Svartlamoen Hardkor. Gode minner.
https://nasjonaljazzscene.no/arrangement/marc-ribot-solo/
https://www.marcribot.com/