Undergang

no kjem det tomme i tunge velt, som godstog jøno hogstfelt
eg skulle sjølsagt vore blid, Norge er so rikt høyre eg dei si
lei tå dei som flutte ut, eg går og vasa i nedlagte bruk
eg ser ned eg veit det eg veit, eg lengta etter deg og nærheit

eg såg for meg ein togtur, me kunne ha reist dit fleire bur
eller berre sykla Ål rundt, det kunne ha vore fysisk sunt
svinga bortom demningen, det kunne ha hjølpt på stemningen
kanskje renn åne i fri flyt, kanskje renn ho stor og kvit

du kom med undergang

kunne ha reist innimellom te det vatnet eg prata om
som berre eg kjenne te, som ligg stille og hemmeleg
som ingen ser frå Høgebrot, der eg har liggande ein båt
rodd deg over stort djup, fiska langs grunnen lengst ut

du kom med undergang

eg skulle forstått for då du tok mi hand
kjende eg altfor godt du bar på undergang

for å få luft og lys gjekk eg te vatnet i dag
og heiv stein på stålis, det sang som paukeslag

du kom med undergang

Melodisk sus

går du rundt reiseklar
venta du orakelsvar
har du hivi partyteltet
trur du at alt ska velte
treng du hjølp i dei vaksne skodn
karismatisk revolusjon

kjem du alder upp og fram
mangla du guttaktig sjarm
bi du alder heimekjær
engsteleg som heng rundt her
drøyme du om nytt univers
meir orden, mindre trash

eg og træla på med mitt
det er fleir her som har sitt
som fekk plani lagt i grus
som treng trøyst og melodisk sus

er du redd Det Store Drama
finn du alder rette dama
bi du alder følsom poet
ein slik ingen forlet
rik på vare minner
«høyt elsket av kvinner»

eg og træla på med mitt
det er fleir her som har sitt
som fekk plani lagt i grus
som treng trøyst og melodisk sus

Ubrukt liv

då eg vart far og stor gav eg sonen min all tid
eg ofra diktarambisjon for papparolla mi
alltid vore kresen ville guten skulle sjå
kunstens indre vesen, eg la vekt på Olav H.

eg braut slekters gang, istaden for kald og hard
skulle han bi mjuk og varm og reise dit som vinden bar
istaden for innestengt skulle han bi lett og fri
leiken og uanstrengt og bi den han ville bi

no sit eg unaturleg blid og smile alt eg kan
ingenting eg prøvde å si nådde inn og fram
alt er so klart for meg; det er kje spor hjå sonen min
ell hjå ho han leve med ette sjelepoesien

ubrukt liv

eg gav upp eigne dikt og satsa alt på veslegut
skulle ha brukt tid på mitt og fått mi eigen bok ut
hunden strekkji seg mot nymånen i kveld
no veit eg at det er berre gamlemånen lell

Helsing Judas

eg laug sjelen fin, rosemåla verden min
no fins ingen ord te å dekke mine spor
det eg sa vog ingenting, som fuglepust i vind
prata eg meg stjernenær, eg va alder engel her

trudde alder som du at regnbogen va ei bru
no ser du kem eg er, du tok feil då du tok meg

smadra løfti som glas
helsing Judas

det va betre om du fann ein
som va der då du kom heim
alder vingla bak din rygg
som stod støtt so du va trygg

du fekk kje eingong sopass
helsing Judas
smadra løfti som glas
helsing Judas

eg laug sjelen fin, rosemåla verden min
no fins ingen ord te å dekke mine spor

Idiotisk einvegslove

eg drog på og gira ned for å få vera nær
lokka med bjørkjived, lokka med raude bær
i panna og i kjøtet dansa du som nordlys
berre eit digitalt møte ville ha vore paradis

eg skull ha vore motsatt tå den du trur eg er
ikkje den du akkurat passerte på torget

eg låg vakjin når du sov
idiotisk einvegslove
eg låg vakjin når du sov
idiotisk einvegslove

med romantisk song huka du meg inn
no klara eg ikkje høyre om hjartesorgen din
alt som eg prøvde på va berre latterleg og dumt
no må eg vekk herifrå før alt bi horisont

eg trudde det va død før du kom ette lange år
fylte meg med glød plastra mine sjelesår

eg låg vakjin når du sov
idiotisk einvegslove
eg låg vakjin når du sov
idiotisk einvegslove

koss kan eg føle meg snytt
du va alder i livet mitt
koss kan eg miste gong på gong
ein som alder kom

eg låg vakjin når du sov
idiotisk einvegslove
eg låg vakjin når du sov
idiotisk einvegslove

Separate sinn

dama i radion syng ho kjenne seg åleine
ho og kjærasten lev separate liv heime
sjøl køyre eg fortsatt i ein bil med plass te to
eg har sett folk le, dei kalla meg skrotnisse no

eg har høyrt koss småting kan endre på eit liv
tok te høgre i krysset og køyrde vestover i bil
før eg kom te vasskille og siste fjellovergang
låg ei veske i vegen med bildu og ditt namn

kan nokon gripe inn
du har din måne, eg har min
separate sinn

eg har parkert bilen og eg står og ser
mot døre der du bur, inn til livet der du lev
det her va det teiknet som eg har venta på
no går du jøno huset og eg ser alt herifrå

kan nokon gripe inn
du har din måne, eg har min
separate sinn

dag to ved døre di og det er fortsatt stagnasjon
trur eg har ein feil i karakter og person
kanskje ha eg sett for mange bi sjuk tå damelengsel
no går dei rundt i sentrum som fugleskremsel

kan nokon gripe inn
du har din måne, eg har min
separate sinn

Halde maska

kan du hugse kiosken i sentrum
no er den stengt for godt
Ivar flutte heim te Hokksund
han klara seg nok
me kunne køyrt te Ivar ein tur
reist alt no i januar
eg veit omtrent kor han bur
køyrt heim jøno Eggedal

bilturen kan bi vår nye start
på noko som ska bi stort
det er nok lurt å reise snart
alt kan vera over so fort
om du tvila og fær ein knekk
stoppe me ved Krøderen Kro
der bur det krefti som driv vekk
det som øydela for uss to

eg og vil seile
på kjærleikens sjø
ankre upp ved ei øy
å halde maska er å døy

når to sjeli slær seg i lag
ska noko større skje
det må du minnast på ein dag
du har visst gløymt det
å prate mens bilen går
va eingong vårt tidsfordriv
no er eg lei stille år
eg er lei hemmeleg liv

eg og vil seile
på kjærleikens sjø
ankre upp ved ei øy
å halde maska er å døy

sjøl om gamlesåret opna seg
og blør endå ei gong
hugs at eg alder gir meg

me kan køyre før mørkret kjem
vera i bilen før tre
vera på Hokksund rundt fem
det ska kje stå på meg

eg og vil seile
på kjærleikens sjø
ankre upp ved ei øy
å halde maska er å døy

Rottu i hjarta

eit feiltrinn, litt for svak
feil taiming, litt for mjuk
forgifta reisten tå livet
rett inn i døden og ut
din menneskelege kapital
din omsorgsfulle stil
din joviale natur
va burte i eit smil

det bur rottu i hjarta mitt
dei er kje råd og bi kvitt

eg har sett det før
det har skjedd med fleir
fyrst er det vart og velmeint
so kjem lengsel ette meir
heile deg bi rana
din hardt lærde livvisdom
og dine favorittdikt
du mista din person

det bur rottu i hjarta mitt
dei er kje råd og bi kvitt

åh som eg vil bore hendan jøno håret
på ei fjørlett jente som klara å hente
det beste i meg fram, som ingen trudde gjekk an
som eg knapt kan fatte, som vil overnatte

det bur rottu i hjarta mitt
dei er kje råd og bi kvitt

Mayhem heime

eg spela sørgemarsj på stereon
er kort og stille i telefon
ber deg skrive trøystebrev
te det tomme livet eg lev

eg vart burte i speilet på badet
og kalla sjelen Dødehavet
du ville heller bu åleine
va forsynt tå mayhem heime

eg kom imot deg med mi bleike hand
og møtte deg med gravferdssang
du fall for mitt nedslåtte blikk
fortapt i mine tunge skritt
du vart burte i min fine naseving
eg ba deg sjekke pulsen min

kan du tru på mine edle tåri
kan du tru på sorgen eg står i
kan du tru på bruin eg har brent
og på mitt indre mørkre kontinent
du ville heller bu åleine
va forsynt tå mayhem heime

du ville heller bu åleine
og va forsynt tå mayhem heime

Yndlingsengel

sonen min gjekk burt i fjor
eit vogntog stal min augestein
min sorg va den største
eg fann trøyst i at Gud tokn heim

mitt liv gav eg te Gud
prata varmt om koss alt skulle bi
om himmelsk lov og gode Jesus
som har sett so mange sjeli fri

eg prata alltid Guds sak
sjøl om biletet er brent inn
blodvarm hud mot stål
er minne om guten min

va han din yndlingsengel
va det ein maktdemonstrasjon
du kunne godt ha venta
te eg sjøl va lagt i jordn

korfor måtte du straffe uss so
va sonen min for god

va han din yndlingsengel
va det ein maktdemonstrasjon
du kunne godt ha venta
te eg sjøl va lagt i jordn

Taus manns tale

-

Modningsangst

eg har ein gitar i kjellaren
eg ikkje veit kor kjem ifrå
eg veit eg vil alder selge han
det er den eg skriv sanga på
dei kjem frå dalen bakom
og bi ofto litt for tung
sentimental sagastil
i tilfelle du va i tvil

på sengji ligg ein mørk stor
den er barryton-djup
når den spela kan eg lukte jord
som om naturen syng ut
den let meir enn nok åleine
når den spela er eg heime
alltid heldt han hue kaldt
for den har sett og tenkt alt

modningsangsten kjem, kjenne at eg treng
ein gitar å halde i so skallen fær litt fri

på veggen heng den blanke
countrystyle og stålstreng
strengt tatt er det ein planke
skreddarsydd for tause menn
den går jøno stengde døri
sjøl om det er tunge børi
heng på veggen slik at eg kan
lyfte blikket upp og fram

modningsangsten kjem, kjenne at eg treng
ein gitar å halde i so skallen fær litt fri

so har eg ein høgspent liten tass
eg er forsiktig når eg stryk
akkorda over magjin hass
det er so fort at strengan ryk
han let so klart at det er nifst
er alltid blid når eg er trist
alltid enkel å ha med
og at han finst gjev meg sjelefred

modningsangsten kjem, kjenne at eg treng
ein gitar å halde i so skallen fær litt fri