Fekk lufta seg

Treseksti med politibilen framma kjøpesenteret.

Daniel Lanois eig ein pensjonert politibil. Ford Crown Victoria. Police Interceptor. Då han ville me skulle fylle opp gjestekjøleskåpet med drikke, var dette bilen me skulle bruke. Det var historisk mykje snø i gatene i Toronto den dagen. Det var lite trafikk og lite folk og Police Interceptoren hadde heilårs knastedekk. Bra fres under panseret var det og. Så framma kjøpesenteret måtte det bli eit hallingkast. Det var beint ut godt for for sjelen, ikkje minst for den gamle politibilen. Det merka eg.

Forrige
Forrige

Fløyelsmannen

Neste
Neste

Marc Ribot i skoddeheimen