Vegen inn i skodda

Ein dag kunne Daniel Lanois melde: “I found my way in”.

Lanois i arbeid med Skodde. Marthe filmar.

Sommaren 2025 spelte Marthe Amanda Vannebo, fotosjef i Skodda Tidende, av delar og demos frå Velkomen skodde til Lanois i bilen. Dei to turnerte då i Canada. Etterpå sendte Lanois melding til meg og skreiv at han gjerne kunne spela pedalsteel på nokre sangar. “I am at your service”, skreiv Lanois til meg. Eg hugsar eg akkurat hadde gått av storscenen på Øya. Då eg opna telefonen, og las meldinga, var det vanskeleg å tru på. Måtte lesa fleire gonger. Etter sms-sjokket, laga produsent Geir Sundstøl og eg plass til pedalsteel på fire sangar på plata, og sendte til Canada.

Moonlight

Så vart det skummelt stille. Før Marthe kunne melde at Lanois heller ville arbeide berre på ein sang, nemleg «Skodde». Han såg dei andre som ferdige, sa han. Så etter eit par viku i studio med «Skodde», kunne Lanois melde til Marthe. “I found my way in”. Lanois tok vare på sangen min, og ein nylongitar i opptaket. Alt anna ville han laga og legge på nytt; bass, shaker, dubs, piano, pedalsteel, atmosfæriske dubs. Så han regelrett spelte og produserte sangen på nytt. Etter nokre veker fekk me sendt heim «Skodde», ferdig miksa og mastra. Slik, akkurat slik, ville han ha det. Heldigvis.

Forrige
Forrige

Sleppdato 27.3.2026

Neste
Neste

Takkereisa