Takkereisa

Eg sov halvpasse. Det var så mykje som skulle skje.

UTANRIKS

Stein Torleif Bjella Marthe Amanda Vannebo
Tekst Foto


Grytidleg, sama dag Trump imaginært okkuperte Grønland, skulle eg møte fotograf Marthe Amanda Vannebo og produsent Geir Sundstøl i avgangshallen på Gardermoen. Me skulle til Toronto i Canada. Me ville takke legenden Daniel Lanois. For at han hadde produsert, spelt og bygd opp sangen «Skodde». Opningslåta på Velkomen skodde.


Time Out Of Mind

Med døropnar og reiseleiar Vannebo i spiss, vart det massive dagar ved iskalde Ontariosjøen. Allereie då me landa fekk me varmen. Lanois hadde tatt ein telefon, så me vart henta i ein svart Suburban presidentbil (langt finare enn Trump sin). Ein venleg sjåfør, med turban og slekt i Norge, køyrde oss rett til sagnomsuste The Temple. Studio til Daniel Lanois. Midt i Toronto.

Lanois kjøpte bygget, og gjorde det gamle buddhisttempelet om til ein overveldande arbeidsplass. Alt bygd og utført i kjærleiken, kunsten og mojoens teneste og lys.

Mange reknar Lanois som verdas mest interessante musikkprodusent, med alle klassikarar og meisterverk han har bak seg. Frå det episke samarbeidet med Brian Eno, dei nydelege Bob Dylan-platene, Teatro med Willie Nelson, Le Noise med Neil Young, alt med U2, også Wrecking Ball med Emmylou Harris då, og The Neville Brothers, og Robbie Robertson, og Peter Gabriel, og mange mange fleire, er Lanios forlengst udødeleggjort i musikkhistoria.


Gaffa på skoa

I studio tok Daniel Lanois så vel i mot oss. Rask og kvek med cowboyhatten nonstop på, og gjennomført kledd. Gaffatape rundt skosålen på glatte cowboyboots, for ikkje å skli på isen, som låg overalt i Toronto. Svart skjorte og svart brok. Sjølvsagt var det skummelt å tre inn i tempelet. Men med Marthe i tet, og Lanois i døra, med skarpt blikk, eit smil, nokre gode ord, som braut isen, som om me var gamle kjente, vart me raskt trygge.

Så viste han oss universet, musikken og livet.

Me gjekk gjennom biljardrom, lager, kantine, hemmelege sittegrupper, gøymeplassar, skriverom, lesekrokar, bar, skog og planterom, og ein vakker budel. Ei verd det berre er godt å vera i, og som du ikkje vil bort frå. Der idear blir dyrka og Lanois-energi sit i veggane. Skreddarsydd for å skapa, og å leva godt.

– I am mixing, forklarde Lanois og gjekk fyrst, innover, bakover, oppover. Me enda i Det Perfekte Studio, sette oss andektig ned i ein storsofa, fekk sjå og høyre korleis Lanois stupte attende inn i musikken. Han dreiv i innspurten på eit kommande album. Fantastisk atmosfærisk vellyd og ny instrumentalmusikk leika og strøymde rundt i rommet.

Still Water

Lanois var raskt i det. Djupt konsentrert og til stade. Augun på skjermen og kontrollpulten, ut i rommet og mot oss. Stilte spørsmål. Funka det no, Marthe? igjen og igjen. Spurde oss også, og seg sjølv.

– You can do better than this, sa han høgt. Ståande, aktiv og på jakt i lyden. Slirekniv i beltet hadde han og, armane i lufta som ein dirigent, dansa, peika, terpa, stoppa, starta, tok det på nytt og på nytt og på nytt. Hamra laus på tastaturet til Radaren. Alt like viktig.

Overveldande å sjå og oppleva på nært hald. Ein vanleg arbeidsdag for Daniel Lanois. No berre 75 år gamal.


Teatro

I nesten ei veke var me i Toronto. Kvar dag innom studio til Daniel, i kortare eller lengre tid.

Lanois arbeidar visstnok alltid lange dagar. Han har ei leilegheit i Toronto også, og eit palass i Los Angeles, og hytte på Jamaica, men helst ville han berre vera i The Temple. Sova, eta, trimme og arbeide der. Dagane startar klokka ni med fellesgym over telefonen med ein kameratgjeng. Den skulka han ikkje, uansett kva som måtte skje. Han inviterte oss også med på trim, neste morgon. Men me budde eit stykke frå The Temple, i ein leigd leilegheit der, så me fekk det ikkje til. Hadde me rekt det, ville me slitt, for Lanois er sterk og i god form.

– Kva skal du i dag? Spurde Marthe Daniel, ein morgon me kom til studio.
– I am not going anywhere. I am just here, svara Lanois. Laga musikk. Utvikle sangar, ord, idear og lydar, mekke utstyr og instrument, forske, forbetre, stramme opp, flikke, legge planer med sine; teknikar Wayne Lorenz, manager Margaret Marissen, gartnar Ralph, hjelpemenn Matt og Sean, også Marthe då, sjølvsagt, tett på heile tida, nær ven og viktig kollega.

Befriande uinteressert i mat og restaurantliv, var Lanois og. “Kan ikkje du berre bestille noko til meg. Du veit ko eg lika”, sa han til Marthe. Eller  “Kan dei ha maten klar når me kjem dit?”, når me skulle på restaurant. Helst ville han ha cateringmat til studio.

Mojo og arbeid er viktigast. Alltid.

The Maker

Knallblå himmel, små varmegrader, store bilar. Folket. Den viktige innsjøen. Landets historie. The first nations. Den portugisiske bydelen. Den italienske bydelen. Toronto Art Gallery. Group of Seven. Herlege vinylsjapper overalt. Instrumentforretningar. Til og med i matvarebutikken spelte dei god musikk. The One I Love! Gode gamle R.E.M. Høgt og lynklart over anlegget, då eg trengte meir kvitost. På polet var heimeskalden Neil Young tydeleg med. Rocking in the free world. Sjølvsagt.

Det var så mykje som skjedde i studio. Eine dagen spelte Donna, i si tid gitaristen til Prince, inn plate då me var innom. Plateselskapfolk var der. Ny miksing og filmmusikkprat ein dag. Lanois gjekk dit tankane og mojoen førde han. Slik såg det ut for meg. Og det skjedde noko heile tida . Og jammen fekk me klimpra og spelt litt sammen og, med Lanois altså. Tenk det.

Møtet med Daniel var fengslande. Den leikne, vaksne og generøse meistaren. Eigen kunst, eige tempel, omslutta av varme, framtid og arbeid. Slik virka Toronto-dagane på meg. Håpa han forstod kor glade me var. At me fekk takka han skikkeleg. På vårt vis. For tida og for skodda.

Møtet med tempelet var overveldande.

Daniel i full aksjon i skodda.

Forrige
Forrige

Vegen inn i skodda

Neste
Neste

Ti tekstar samla