Studiolaboratoriet

Produsent og artist midt i arbeidet. Foto: Marthe Amanda Vannebo/Skodda Tidende

Ein gong spurde NRK meg om kven Geir Sundstøl var. Eg sa han var halvt menneske og halvt gitar.

Det hadde ikkje blitt Velkomen skodde utan produsent Geir Sundstøl. Oppfinnsam, stødig, rask og elegant. Daniel Lanois har produsert ein sang. Geir Sundstøl har produsert dei ni andre på Velkomen skodde.

Norge Rundt

Geir Sundstøl og eg har spelt saman sidan 2009. Me har vore i studio og farta landet rundt, fleire gonger. Sidan 2023 har han også produsert innspelingane; Nysetmåne, Heil Ved Musikken, Live i Sentrum og no Velkomen skodde.

Både Geir og eg er stolte av at me no har eit nytt album i ermet. Berre i fjor gjorde me åtti spelejobbar i lag. Som var ny live-rekord for oss. Arbeid og folk kan, som kjent for alle, ta energi eller gi energi. I sum har det alltid og heile tida kjennest rett å berre maka på. Trass i opp og nedturar. Det gjeld både speleoppdrag og platearbeid. Takka vera Geir.

Alt kan skje

Geir Sundstøl arbeidar trufast i musikkens teneste i sitt kjære Studio Intim. Der kan alt skje; dei mest overraskande tanke og sprang. Studio og Geir er laboratorium, forskningstasjon, dokumentasjon, arkiv og innspelingsarena. Alt på ei gong. Og tilsaman er Geir og det vesle studioet både verneverdig og livsviktig. For mange.

Forrige
Forrige

Kvedarkvintetten tilbake i byen