Kvedarkvintetten tilbake i byen

Kvedarkvintetten frå Ål syng folkesanger frå Hallingdal.

Kvedarkvintetten i studio. Artist Bjella i skodda øvst oppe til høgre. Foto: Geir Sundstøl

Dei er berykta og anerkjent for a capella fleirestemt sang. Og dei er frå Ål. Når eg høyrer dei fem dyktige sambygdingane, fordelt på to syskenflokkar, på min sang “Tilbake til byen”, går tankane til ulike kjente call and respons-låtar som eg diggar; som “Chinito Chinito” med Chaves Ravine og Ry Cooder, som “Out in the woods” med Leon Russel, som “Say it loud” med James Brown. Eg tenkjer også på Beate Bjella, Astrid Smeplass og Steinar Albrigtsen sine kalling-og-svar på “Kjell Hårspray”. Eller Karin Okkenhaug sin innsats på “Kald og reservert”.

Eg er lykkeleg for at Kvedarkvintetten ville vera med på sangen. Og forresten: Silje Risdal Liahagen er i år nominert til spellemannsprisen med bandet Hekate. Berre nemne det.

KVEDARKVINTETTEN

Silje Risdal Liahagen (vokal)
Tonje Risdal Liahagen (vokal)
Sina Myhr (vokal, langeleik)
Margit Myhr (vokal, lyre) 
Helga Myhr (vokal, hardingfele)

Forrige
Forrige

Singelslepp II (Oktober 2025)

Neste
Neste

Studiolaboratoriet