SUNDRE CITY

Øyvind kjenne alle
det legg han ikkje skjul på
e har prøvd å prate ved han
då vil han berre gå
alltid kjem han i det beste lys
alltid er han den fyrste
han er so glad i seg sjøl
det har e med lyst te 

Tone gjer meg usikker
ho tolka heile meg
alt bi vridd og vrengt på
veit kje lenger kem e er
svara e bi ho sinna
godord gret ho tå
trøyst vil ho ikkje ha
det bi gale det og 

Sundre city her kjem e
sentrum i mitt liv
alt handla berre om du og e
og at me fær ein ny giv
Sundre city her kjem e
Sundre city

og her sit dei som legg ut
som fagfolk uansett
e sit stille og lata
som om dei har rett
det finst folk i bygde
som kan meir enn mangt
ikkji for å skryte;
det kunne vore meg iblant 

e kan fortelja om fleir
i går gjekk e på ho
med dei triste augun
ho va verre no
so kom han som alltid ber
om meir enn han kan få
han venta seg for mykje
og går skuffa herifrå 

so kjem det eit menneske
heile verden skull ha sett
hennar kloke vakre vesen
kan samle kloden på eit brett 

no er det snart stengetid
ein turist står og ser
trudde det va meir å sjå
no reise han herifrå og ler
e går ikkje for gull
det må andre ta seg tå
det einaste e vil
er berre å få nuvle på

når hjarta køyre i mørkret inn
kom som du er
når skallen svirra vilt omkring
kom som du er

NUVLE  PÅ: Halde fram, drive på. Å NUVLE er berre noko ein gjer. Å TRÆLE, er motbakke og tyngre.

 

EKKEL FISK

skull ha budd tett på ekvator
skull ha lyst upp som lyn
såg ei jente som sprang
det va eit drepande syn
e gjekk og la meg og sovna inn
rivi bort tå ein digital vind 

stemningen bi rar når e ler
nasen gret for ingenting
sputta turt mot ei rosa sky
speida ette frelsaren min
skjermlivet mitt gjer meg alder frisk
kjenne at e tek te bi ein ekkel fisk 

no ska e satse på slikt
som treff i skallen som spyd
tanken på at det eingong bi
som ein TV utta lyd
held meg kald og klar te sole renn
det ska kje stå på meg når den tid kjem

 

MIN NAMN ER STEIN

ska ta veten på strak arm
sjøl om hausten va ekstrem
sørfe jøno våren
stå klar når sommaren kjem
ha tenkt å akseptere
at dagan går sin gang
sjøl om du er borte
dundra naturen vidar fram

e kan bi sein
fjellet er min bror
e kan vegen
og mitt namn er Stein
i nakkegrope di
fann eg min heim
 

ska opne opp glaset
la vinden slå inn
alt e kjenne er mitt
e eig ingenting
har tenkt å reagere
når kjipe tanka kjem
då skal e heller ringe
opp ein gamal ven 

(og alt det som hende
gjer meg sterkar og klar
slik fann e mine vega
slik fann e mine svar
ska lære å reparere
forsone meg for godt
hjarta bur i berget
det har e no forstått)

FØLSOM PERSON BLUES  

året rotera
vidda passera
Sysendammen
alt heng sammen 

køyre langs ein fjord
svart er lysets mor
kjenne at e kan
bi din nødutgang 

bilstereon gret
Roy Orbison let
fær e vera din
treng du ingenting 

e kjem for å si
at e kan fortsatt bli
the only one
ein som ikkje er ekstra følsom 

året rotera
vidda passera
tek tyngste børe
i all slags føre 

då du drog
i ekspresstog
vart e ein anna gut
tusen meter djup 

no vil e snakke
no må e snakke
det vart so stille
fann du det du ville 

du kom hit for å herde meg
du kom hit for å lære meg
når dagen kjem og tide er her
ta i mot den gåva som du fær

FØDD PÅ EIT FJELL

e vart fødd på eit fjell
e vart døypt i eit hav
e vaks opp mot ein himmel
e vaks ned mot ei grav
og alt det du ser omkring er forma tå meg
so la meg vera hjå deg 

e sang for ein vegg
e sang for ein vind
e sang for eit glas
so slapp du meg inn
og alt det du høyre omkring er syngi tå meg
so la meg vera hjå deg

e gav deg ei jord
e gav deg ein kropp
og ein himmel å stirre mot
då du slo augun opp
og alt det du er ha e gitt som ei ramme om meg

e vart fødd på eit fjell
e sang for ein vind
e gav deg ein himmel
so slapp du meg inn
og alt det du høyre omkring er syngi tå meg
so la meg vera hjå deg

MIN KJÆRE OG VEN

e sakna alt ved deg her e står
på øvrevegen i Øvre-Ål
folk si e mangla mot
e står her te e fær bot
Hellinggrove har sin eigen sang
Veståsen står i brann
e prøve berre å vera optimist
e ha kji sjans (når det bi for trist) 

er du sikker på at du må
vera so lengji borte heimafrå
det fins ingen som er i stand
te å vekkji livet slik du kan
kor mange gongu ska e melde
e har slutta å telle
det vart fem berre i kveld
e sende ein te likevel

e kjem i vater når e veit du er
på veg hit te meg
når du kjem
min kjære og ven 

ut på Sundreberget for syng ein sang
meg slik du kan
å sjå
bort te Hovesvingen opp te Laa
nabo Tor er alder her
alltid er det austavêr
e ser sole gå ned
e ser himmelen gråne
syns du det er moro å halde att
om du vil kan e kalle deg skatt 

va det betre om du alder kom
so vart det alder siste gong
so veit e at du alder dreg
perfekt kjærleik går berre ein veg 

 

FRISØREN I SENTRUM

e tenkji nesten berre
på meg sjøl og mitt
e ha blitt slik dessverre
kem har e blitt 

ha e blitt ein gamal mann
er ny kurs for seint
er stillstand det e kan
va det slik det va meint
e ska klare det og
det er berre ein ting e må
ska bytte perspektivet
og ko e gjer i livet 

frisøren i sentrum
er helten min
bruka kor stund
på å gjera andre fin
 

e har verdens beste grunn
e ha meir enn nok med tid
ska koma meg te sentrum
ska bli ein ny
e ska klare det og
det er berre ein ting e må
ska bytte perspektivet
og ko e gjer i livet 

det er sant det du sa
at e og alle andre
kan bryte det som va
alle kan forandre 

 

E LIKTE DEG 

likte deg med ein gong
likte alt du va
måten du såg livet på
alt du ikkje sa 

likte deg tett på
likte deg på avstand
likte deg frå soloppgang
te solnedgang 

likte me va ulik
halskjedet du bar
tide som du brukte
på Himmelske Far 

og når du sa e va ein modig mann
ein kvit stein på ei strand
at e va den du stolte på
e likte deg
endå betre då

e likte bilen
e likte då du køyrde
e likte når du spelte
ny musikk for meg 

likte deg i gråvêr
likte deg uansett
likte deg ved middagstid
og til alle klukkeslett  

e likte at du såg
den som e va blitt
at noko er for seint
og akkurat det er nytt 

 

FISKESANGEN

i årevis ha e stått på
slåst mot skaparverket for å få
fiske fisken te veten kjem
fylle frysen for å bi den
som skaffa alt det som flokken min treng 

e ha fiska vatnet rundt nåttestid
garn og ruse ska jo vera rått parti
ingen som e kjenne kan
skjøne koss ein vaksen mann
fær so veldig lite fisk

å vera fiskar det er krevjande
te lokalkunnskap og kem du er
det her held e vanlegvis for meg sjøl
rett ut odden og halvtolv sør
der har e høyrt det har stått fisk før

det er kji nok å berre ro litt rundt
fort å hamne der det er for grunt
ingen som e kjenne kan
skjøne koss ein vaksen mann
fær so veldig lite fisk 

vore utpå i mange tima
fær kji fisk på grunn tå klima
altfor mykji sol
altfor mykji vind
regn frå nord og måneskinn 

sit e i båten og prata høgt
tankelivet mitt er ingen spøk                                                    
ingen som e kjenne kan
skjøne koss ein vaksen mann
fær so veldig lite fisk
endå mindre no enn sist 

 

FORTAPT SPELEMANN 

i går var e på skot
starta på ei ny låt
angra alt etterpå
kor tok e skiten ifrå
burde vore stille
har det ikkje so ille
e er nesten ikkje sann
fortapt spelemann

fekk låta te i dag
e visste e va i slag
er det noko du mangla
går du rundt og hangla
finst det mange måta
sjøl skreiv e denne låta
det er det einaste e kan
fortapt spelemann  

ingenting er betre enn
når ny musikk kjem
då fær e sjøl ein ny start
då ser e alt so klart
klart og klart Fru Blom
e spela med åkkesom
alt e treng er ein sang
fortapt spelemann 

nåtteliv er lite smart
kanskje er det over snart
kanskje er det feil med meg
andre fær det betre te
er det berre gitarspel
som gir kraft te mi sjel
som gir liv i mi hand
fortapt spelemann  

eigentleg vil ingen ha
”Sutre-Petter neri bua”
hugs å ikkje bi for tung
hugs å vera ung
ikkje stotre og bi taus
utadvendt og nådelaus
ta lyttaren med sjarm
fortapt spelemann