KODEN KNEKT

Bjella tekst og musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar, steel og mandolin.
Julie Dahle Ågård kor. 
Nikolai Hængsle Eiliertsen bass.
Olaf Olsen trommer og perkusjon.
David Wallumrød clavinet og Juno 6.

Går du støtt unde radar.
Treng du hurtigladar.
Lura du på deg sjøl.
Redd alt ska bi som før.
Er du lettrørt og tom.
Treng du bomberom.

Køyrde vest, kom ingen veg.
Sprang over skarvet, tok ingen steg.
Kjøpte storskjerm, såg ingenting.
Dissekerte skallen trinn for trinn.
Tippa ingen det her.
Trudde ingen det der.

Fyrst då du lente deg fram.
Fyrst då du gav meg eit kyss
va alt perfekt
va koden knekt.

Kjem du frå Det Ytre Distrikt.
utstyrt med dårleg sikt.
Kor er alle jentun hen
omringa tå saktmodige menn.
Går du rundt å stunda
at det må livne i lunda.

Fins det folk du har kjent
som du forlengst har fortrengt.

HALLINGDAL ER EI ØY

Bjella tekst og musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar, klokkespel, clavinet, bassmunnspel, vibrafon og kor.
Eirik Øien bass.
Kenneth Kapstad trommer.
Lars Håvard Haugen og Aslag Haugen kor.

Kunne ha budd ved Randsfjorden ein stad.
Like nede ved vatnet vore bra.
Hatt ein båt å kome meg rundt.
Storauren går både djupt og grundt.

Kunne ha budd i Kongsvinger eg.
Vinger er ein plass for ein slik som meg.
Det er noko der som eg berre treng.
Noko med Glomma som berre renn.

Kjem alder te og skje.
Eg ska vera her eg er.

Det er Trøndelag som er min sanne ven.
Det er alltid triveleg når eg kjem.
Det er fleire der som eg stola på.
Hadde du møtt dei ville du forstå.

Det rette for meg vil vera å fløta nord.
Anten er det mørkt eller berre sol.
Det koka i sjøen. Det er karrig på land.
Eg kjem alt i morgo, om eg kan.

Kjem alder te og skje.
Eg ska vera her eg er.

Burde vore nemmar både himmel og gud.
Der som Hardangerfjordn breia seg ut
kjem du i balanse og finn deg sjøl.
Eit heilt nytt liv med stabilt humør.

Kunne ha budd i Oslo ved ein trikkestopp.
Hybel med soverom er meir enn nok.
For alle som kjem dit, si det sjøl:
Koffor har eg alder flutt hit før.

Kjem alder te og skje.
Eg ska vera her eg er.

Møtte eit menneske som gjorde meg ny
i slutten tå juni i Risør by.
No ligg eg vakjin og tenkji hardt
om eg ska våge å ta kontakt.

Kjem alder te og skje.
Eg ska vera her eg er.

Kall meg treg. 
Kall meg sein. 
Hallingdal er min heim.
Her er eg fødd. 
Her ska eg døy.
Hallingdal er ei øy.

TRENG DEG NO 

Bjella tekst. Sundstøl musikk. 

Stein Torleif Bjella vokal og gitar.
Geir Sundstøl gitar, minimoog og kor.
David Wallumrød orgel, Wurlitzer el-piano og Prophet 5.
Audun Erlien bass.
Andreas Bratlie tablas.
Bergljot Bjella kor.

Eg va gratispassasjer.
Det som skjer det berre skjer.
Du gjekk fremst med ryggen rak.
So lett for meg å gå bak.
No forstår eg planen din
du ville sleppe livet inn.
Eg mista den eg ikkje kan
finne att i noko land.
Treng deg no.
Eg treng deg no.

Forstod for seint det du sa.
Skjønte ikkje kem du va.
Trengte ingen eigne svar
for du tok alt ansvar.
Tå uss to var det du som såg
akkurat kor hunden låg.
Du ville alt og berre godt.
Halve hjarta va alder nok.
Treng deg no.
Eg treng deg no.

Du va der stø som fjell
og du gjorde stor forskjell.
No ser eg klart det du har gitt
alle treng å puste fritt.
No er du borte, men overalt.
Skulda deg absolutt alt.
Håpa at du ein dag kan
tilgi at eg forsvann.
Treng deg no.
Eg treng deg no.

TILBAKE I DET BLÅ

Bjella tekst. Bjella og Sundstøl musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar, marxophone og steel.
Eirik Øien bass.
Kenneth Kapstad trommer.

Drukna i ditt hår
og der namnet ditt står.
Drøyme deg fram
i vaken tilstand.
Livet gjorde eit kast
då du kom tett på.
Kjente det brast. 
Kor tek du det frå.
Tilbake i det blå.

Berre eit lite vink
slær ned som lynblink.
Tenk at byen kan synge
at fjell kan gynge.
Du tek det vidare
te eit nytt nivå.
Kan du forklare
kor tek du det frå.
Tilbake i det blå.

So va det stille ei tid.
Kor var du hen då.
So va du jenta mi.
Kor tek du det frå.

Fanga i din tvil.
Senka i ditt smil.
Møte meg som ein vegg.
I huden som ein klegg.
Venta på meg
når eg ska ut å gå.
Alltid er du med
kor tek du det frå.
Tilbake i det blå.

KOMPLEKSITET

Bjella tekst og musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar og kor. Eirik Øien bass.
Kenneth Kapstad trommer.
David Wallumrød clavinet og Arp synth.
Erland Dahlen perkusjon.

Det er ikkje sikkert at eit ja
er akkurat det som trengs.
Då eg sa nei fekk eg det bra.
Misfornøgde kjem lengst.
Treng ikkje makse alt eg.
Det bi for konkret.
Har nok med å forsone meg
med min kompleksitet.

Ba alder om premie eg
sjølv om eg hadde fortent.
Ha alder gått og tenkt på det.
Eg va ikkje godt nok trent.
Ha ikkje meint å bi fyrstemann eg
låg ikkje akkurat i tet.
Har nok med å forsone meg
med min kompleksitet.

Burde sikkert bi betre på 
gjennomføring og struktur.
Lika betre å vente og sjå
om ting kanskje snur.
Ska ikkje halde tale eg 
eg veit koss det let.
Har nok med å forsone meg
med min kompleksitet.

Det er mange som fær suksess
til topps på eit blunk.
Eg har nok med å klare meg
det er fort å gå konk.
Ha ikkje meint å bi sjefen din eg
mangla autoritet.
Har nok med å forsone meg
med min kompleksitet.

Eg treng ikkje bosse rundt.
Eg satsa på det nære.
Eg veit ko som er sunt
ligge på vêret.
Ta det eit hakk ned
og gå for kvalitet. 
Eg har nok med å forsone meg
med min kompleksitet.

Kjenne eg treng ferie no.
Treng å få ein ny start.
Kjem attende dubbelt so god.
Ting må bi betre snart.
Treng ikkje toppe laget eg.
Trivs i einsam majestet.
Har nok med å forsone meg
med min kompleksitet.

ONKEL

Bjella tekst og musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar, pedal steel og kor.
Eirik Øien bass og kor. 
Kenneth Kapstad trommer og kor.
David Wallumrød piano.

Her er eit foto som røre meg sånn.
Det fortel kem onkel va ei gong.
Han ligg på golvet med arman ut
lamslått tå seg sjøl på fotoshoot.

Sveisen kom i åttifem
ingen såg onkel utta den.
Gitaren ligg som maskingevær
tett ved onkel varm og nær.

Du kan stole på meg.
Eg veit kem eg er.

Då onkel va ung, va han overalt
der det va musikk og der det gjaldt.
Spelte for middag og dusj
då eg va ung lukta onkel tusj.

Som vaksen måtte han tene meir.
Prøvde å bli populær blant fleir.
For onkel vart det berre eit slit
salget fall, Beat for Beat.

Du kan stole på meg.
Eg veit kem eg er.

Kem va onkel, eigentleg.
Eg er usikker, på akkurat det.
Hjå meg sette han spor
djupare enn du forstår.

Du kan stole på meg.
Eg veit kem eg er.
Eg angra ingenting.
Eg sakna onkelen min.

Ein onkel eg hadde likte å feste.
Reise rundt, spela med dei beste.
Ville vise kem han va.
Røre ved folk og gjera nokon glad.

REPRESENTERT

Bjella tekst og musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar, perkusjon og kor.
Eirik Øien bass og kor.
Kenneth Kapstad trommer og kor.
Lars Lillo-Stenberg kor.
Folkets Røyst: Maria Sørflaten,
Lee Waterloo Sundstøl, Maria Nygård, 
Beate Bjella, Ida Juul Thomsen og Hedvig Johanne Rud.

Det er på høg tid at du kjem.
Kanskje me har det du treng.
Det er i orden om du bi sein
berre du finn vegen heim.

Dei si du skar deg på ein penn
at alle bruin rundt deg brenn.
Du syns samtide er for gale
hadde skrivi ut tiltale.

Du ville prate ved heile Norge.
Stod åleine att på torget.
No står det ein ukjent i speilet der.
Det er sjølskading det her.

Nok å berre vera te.
Ingen treng å bli imponert.
Fint om du vil vera med.
Nok å vera representert.
Nok å berre vera.

Dei si at dressen vart for stor
at du brukte for store ord.
Ingen visste at du va sånn.
No er dei likeglad om du kom.

Du såg kaos overalt.
Andre syns det va normalt.
Kan me lette litt på børe.
Vil du kvile på ein stol i døre.

LEV I EIN DRAUM

Bjella tekst. Bjella og Sundstøl musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar, kor og Logan String Melody.
Eirik Øien bass. 
Kenneth Kapstad trommer.
David Wallumrød clavinet.

Krokut fjellbjørk i stjerneskinn.
Livet på ei sky er heimen min.
Åskammen landa i mitt fang.
Lev i ein draum. Skriv på ein sang. 

Tide er tøff som alder før.
Jøkulen smelta som setersmør.
November kjem som ein brann.
Lev i ein draum. Skriv på ein sang.

Gubben Grå med brokesig
truga småunga med verdenskrig.
Flagga kor dag på halv stang.
Lev i ein draum. Skriv på ein sang.

Eg høyre stoltheit. Eg høyre gråt.
Ingen her er i sama båt.
Eg heldt sengji og skriv på ei låt.
Lev i ein draum.

Håpa fortsatt at nokon kjem.
Håpa fortsatt eg er din ven.
Unde isen bryt livet fram.
Lev i ein draum. Skriv på ein sang.

TAKK

Bjella tekst og musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar og munnspel.
Mari Persen stryk.
Nikolai Hængsle Eiliertsen Nikobass.
Olaf Olsen trommer og perkusjon.
David Wallumrød Wurlitzer el-piano.

Eg vil takke for at du
gjekk med meg og ikkje ville snu
for alle stundi, so eg kan bli
på plass i livet i mi tid.

Eg vil takke for at du vil
utta deg hadd eg gått meg vill.
Tenk at du vil forstå
når det butta og røyne på.

Eg vil takke for at du kom
slik at eg vart ein sånn
som våga og prøve meg fram
som klara å tru at eg og kan.

Du spaserte inn
inn te meg og verden min.
Rydda plass på jord.
Gjorde kvelden stor.
Gjorde morgon djup.
Gjekk lenger ut.
Eg veit at eg bli te
i møte med deg.

Eg vil takke for at du gadd.
Utta deg hadd e blitt ein ladd.
For du bygge og ikkje riv
utta deg hadd e mangla driv.

Eg gjekk på sjølstyr.
Du kom å sette fyr.
Tenk om me brann
heile vegen fram.

Eg vil takke for at me
lev i lag og du er den du er.
Eg vil takke for at du ser.
Eg vil takke for at det skjer.

Nysetmåne

Bjella tekst. Bjella og Sundstøl musikk. 

Stein Torleif Bjella sang og gitar.
Geir Sundstøl gitar, bass, vibrafon, omnicord, munnspel og kor. 
David Wallumrød Arp synth.
Bergljot Bjella kor.
Andreas Bratlie tablas.

Nysetmåne. 
Unnskyld at eg spør.
Nysetmåne. 
Du går rundt deg sjøl.
Nysetmåne. 
Eg syns du burde ta
meire styring. Du høyrde ko eg sa.

Nysetmåne. 
Kor har du vore hen.
Nysetmåne. 
Vil du reise deg igjen.
Nysetmåne. 
Er so glad du kom.
La det gå fort te neste gong.

Nysetmåne. 
Mens du va bak soln
Nysetmåne. 
trengte fleire korreksjon.
Nysetmåne. 
Du svinga so seint.
Koffor går du alder beint.

Nysetmåne. 
So kom du likevel.
Nysetmåne. 
Du er so klar i kveld.
Nysetmåne. 
Kan du si to ord
te uss vanlege, her på jord.

Nysetmåne. 
Er du innerst inne sur.
Nysetmåne. 
Tenk om du ein dag snur.
Nysetmåne. 
Eg ha vore so redd
at det verste, skulle ha skjedd.

Nysetmåne.
Gamle bardun.
Nysetmåne.
Sunset moon.