DU TOK FEL

enig at det sikkert bles hardt på toppen
enig at inneliv øydelegg kroppen
enig at e berre er ei liten brikke
at der det er liv er det lykke
enig at det er bra og ha bein på jorde
enig i alt du sa om mi komfortsone
enig i det du meinte om å vera nær
livet er like mykje der som her

enig at situasjonen er stabil
enig at det er forskjell på god og vond tvil
enig at det er lov å bomme iblant
du kjenne det i bringa om noko er sant
enig i alt du sa om å dyrke eit idol
enig at når somaren kjem ska e nord
enig at det veks år for år
det du sa om kosmos er slikt e forstår

du tok berre feil ein gong
du ville ikkje ha meg når e kom

enig at det er sjø på stille fjord
enig at handling er viktigare enn ord
enig i alt du sa om å vera redd
at e står støtt om det verste har skjedd
enig at det koka i mitt vesle sinn
styrke og vilje er to ulike ting
enig at det burde vera lett å sjå
varmen er her når du har radaren på

med uss to vart det alder meir enn berre prat
for deg so vart e alder meir enn kamerat
i ettetid so ser eg at det sikkert va bra
du og han som fekk deg er alltid so glad
 

NORDNORSKE KJÆRLEIKSDIKT

folk trur ho flutte nord
for ho elska stor natur
e veit at ho drog
frå meg og her e bur
no er ho prislønna poet
hennar dikt lev eige liv
folk skulle berre visst
det er våre liv ho skriv

det er ikkje te å tru
det er e som skull ha pris
som har nådelaust erfart
som har ein harddisk med bevis
ordrett gav ho ut
alt som me gjorde og sa
ho fær skryt tå biletbruk
den er ekstra bra

e va kje god for ho
ho va kje god for meg
ho har det bedre no
det må e leva med

på talkshow legg ho ut
om ei vanskeleg tid
e sit her som troll
ho fær sympati
e kunne ha fortalt
det ville folk nok likt
sjøl gav ho alt ut
i Nordnorske Kjærleiksdikt


ALT RUNDT ER DET SAMMA

fått ei venninde nord i skogen
me stemna fram som brøyteplogen
passa på at ingenting går sundt
alt er betre enn å stresse rundt

me hoppa over midtlivskrisa
høyre roleg jøno Lomnæsvisa
ska ein del te å stoppe uss no
ein klem og me er likegod

få kvile i ein anna
alt rundt er det samma

kjærleiken er jo ingen spøk
korkje her ell i tettbygde strøk
redd for å spørja og ikkje ha drag
so redd for å bi vraka ein dag

e hugsa fyrste gongen e såg deg
du lyste upp og e tenkte at e
kan gå heim det her er ingen vits
so såg du meg og vips
 

TO MÅNA UTTA REGN

meteorologen si godt vér
e lika at det
veks her
mor jord er du trygg
slutt og kødd
bak min rygg

to måna utta regn
ko ska e tru
er det eit tegn?

må me snakke om gull
no om dagen
betyr det null
si heller det du kjenne
når fjellet ryk
og du er nemme

høyr her, ro ned
fleire har vore
der du er
hugs å halde hue kaldt
alle veit
sole styre alt

lite er like ille
som når fuglan
bi stille
det må og det ska
ende opp med
å gå bra
 

BLOMEN

på tide å feste augun
på det som røre seg her
du ser den ville blomen
som står og stråla der
den prata te deg
du kan vel høyre det

e veit at det virka
e har sett flinke folk gå
i kjellaren for dei gløymde
kor dei kom i frå
ikkje snu deg bort
blomeliv er kort

alt for mange
store ord
no må e orientere
meg på jord

kem var det som sa
det her er ikkje nok
laga helvete på jord
og har misforstått
blomen er din venn
må du plukke den
 

ETABLERINGSFASEN

det va andredagsfesten, søte Jorunn forstod
du kan tenkji deg resten, e flutte heim te ho
me drog ut frå sentrum som nyforelska par
e satsa alt på Jorunn og hennas forfalne gard

mamma va skeptisk, det her har e sett før
du tek stor risk, du gløyme deg sjøl
du øydelegg ryggen, den er endå ikkje fin
etter tre år i skuggen hjå Berit i Øydelien

det her er karriera mi
det er det einaste e kan
og vera fyrsteelskar ei tid
og seta gamle hus i stand

no har e flutt lenger inn, der ligg det endå ein gard
med stolte Kristin og ein pleietrengande far
Kristin si ho elska meg, e er slik ho har drøymt
e bytta tak so e dett ned, ryggdiagnosa er gløymt

og du då? går du alltid med trygge steg?
du då? flyg alder hjarta ditt i veg?

no er det e og Anna, det va ho som fann meg
ho er fiks ferdig utdanna, vil etablere seg

etableringsfasen kan vera lang

 

DRENG

uansett kor e går hen
Dreng er min beste venn
Dreng si utta prat
koss leva livet smart

han lata alder som
han berre er sånn
nok er meir enn godt
det har Dreng forstått

e ha blitt so glad i Dreng
han lika når e kjem
Dreng er min trygge reisevenn
uansett kor vegen går hen
e ha blitt so glad i Dreng

du lev rett drengebisk
ser du heldt deg frisk
når du stikk ein tur
bi det stille her e bur

Dreng stola på meg
når det dreg seg te
då Dreng tok eit lam
nekta e at det va han

e lære smått om senn
korfor e lika Dreng
han veit kem e er
endå er han god med meg
 

OPPFØLGINGSPRAT

e har hatt bursdag, feira som i fjor
det va ingen stort lag, e duka opp eit bord
festa i det stille, omtrent som før
naboan er snille, heldt seg for seg sjøl

nokon må våge litt og bjuda på
e er trygg på mitt so det tek e meg tå
e ringe for å minne om, berre for å si
hugs og stikk innom om du er forbi

har du det fint og triveleg som meg?
er smilet ditt pålimt, det kan straffa seg
folk kava på det er fort og bi for lur
dei klara ikkje sjå, so kjem alt i retur
e ringe for å minne om, berre for å si
hugs og stikk innom om du er forbi
ein oppfølgingsprat
kontakten e kje like sprek
sjøl har e vore lat
sommaren va ein grøn strek

e ringe for å minne om og berre for å si
hugs og stikk innom om du er forbi

e kan kje teby festival
e kan kje teby festsal
berre ein stol og litt nevemat
og ein oppfølgingsprat
e ringe for å minne om, berre for å si
hugs og stikk innom om du er forbi
 

STJERNEPAR

snille du kom hit ein tur
e vil kysse, du veit kor e bur
ingen tvil at det er uss to
me har venta lenge no

me er tunets turtelduo
dubbelt sterk og dubbelt god
du min frelsar og sjelevenn
e din våpendragar når du treng

kom for å bli
e sit klar
stjernepar

når du er her er himmelen vid
er du borte har e ingenting å gi
alt er trongt og innestengt
det va kje slik e hadde tenkt

har e uttrykt meg uklart
kanskje vil du tebake til start
eller treng du berre tenkji litt
om koss du bruka livet ditt

kjærasten min
kom snart inn
du va jo soleklar
på at me va eit stjernepar
 

LIV

i eigen bil kom liv til Ål
ho vart berre her eit hausthalvår
ho sang lågt på skuldre mi
Kim Wilde-sanga nottestid
Liv vaks opp i hønefossby
med fjern pappa tung som bly
Liv va sterk og ville vekk
heldigvis va det hit vegen gjekk

e møte november med eit smil
det takka e deg for gode Liv
når dagan krympa og lyset går
tenkji e på hausten vår

no bur Liv mellom sju fjell
e ska ta toget dit ein kveld
seile over Strandafjorden
Liv kan møte meg på stasjon
ho kan ta gitaren når e kjem
so ser folk e er meir enn ein venn
Liv er stø når ho si som so;
kom med meg du må vidare no
 

UTOVER ØVRE-ÅL

so va det ein liten ting
før e tek køya:
i fjor såg e OnklP
storescenen på Øya
han hadde ute ny låt
no stod folk og gråt
e tenkte; skit i angsten
hygg deg med fangsten

tenk om det er slik
du bi det du si
då ska e alder klaga meir
og spreie dårleg energi
håpa at du ser
auga gret og ler
skugge utheva solskinn
og balansera ditt sinn

det er viktigare enn nokon gong
å definere rikdom
må e ha høgare mål
ut over Øvre-Ål

bygge meg ein heim
alt for eiga hand
bytte clutch sjøl
sjølvbergarmann
Robinson Crusoe
e ska bi so god
det som før tok mi tid
gjer meg no sterk og fri

e ska ta vare på
vera nøye med mitt
når e kjenne at det koka
prøv og stopp opp litt
trekk pusten inn og
kjenn ette om e må
kave vidare utta fred
gje opp alt e har fått te

berre for å forklare
mitt namn er Bjella
e lev godt her
åleine ved Langfjella
e jobba med planin
og drikk min solbærvin
og kjem i ekstra strøk
når e fær besøk