Våpendragarane
Eg er ikkje åleine. Står på skuldra til fleire. Viktigast er orkesteret.
Foto: Marthe Amanda Vannebo/Skodda Tidende
Fem musikantar. Ein hestehengar med gamle instrument, låtar, ugle og elg. Ingenting på tracks. Det er kjernen. Det har vore mange uformelle namn på grunnkonstellasjonen i mitt liv. I nyare tid; Bjella & Støttegruppa, Bjella & Søte Pus, Bjella Med Band, Bjella & The Europalls. Men oftast og mest offisielt har det nok vore Bjella & Tvangsgutan Kompani - etter mi låt med sama namn. Også på Velkomen skodde er våpendragarane mine, i tjukt og tynt, avgjerande.
Bassist Eirik Øien møtte eg i 2008, under arbeidet med Heidersmenn. Det var produsent Kjartan Kristiansen som sette oss sammen. Eg trengte kontrabassist. Kjartan kjente eineståande Eirik. Til dagleg driv han forresten Fjøset Lydstudio på heimgarden på Otterøya. Der me spelte inn plata Gode Liv, i 2016.
Alt frå og med plata Heidersmenn 2009 er suverene Geir Sundstøl synleg og tilstade på sangane. Etter eit par år var han også fast med på vegen. Akustisk eller elektrisk, somme tider også pedalsteel. Dei siste åra har eg arbeidd mykje med Geir i studio. Alt eg har laga sidan Nysetmåne er produsert med Geir.
Den Einaste Eine Kenneth Kapstad vart med alt frå 2013, etter Heim for å døy-plata. Trommemaskin, metronom, trollmann og kameraten frå Løkken Verk er ein av dei mest hardtarbeidande og smakfulle batteristar som eg kjenne. No busett utom Bergen med sine nærmaste.
Tangentist David Wallumrød er nesten som nykommar å rekne. Strålande David kom med i 2023, etter Nysetmåne. Då heiv han seg heldigvis med, på vegen og i sangane. Bretta ut lydbilete.
Her er foto frå Notodden Blues i 2025. Tatt av fotograf Marthe Amanda Vannebo. Eg syns serien så godt syner livelivet vårt, før og under og etter gig.