Kvedarkvintetten tilbake i byen
Foto: Jenny Berger Myhre
Kvedarkvintetten frå Ål syng folkesanger frå Hallingdal.
Dei er kjent for å synge a capella fleirestemte sangar. Når eg høyrer dei fem dyktige sambygdingane, fordelt på to syskenflokkar, på min sang Tilbake Til Byen, går tankane til ulike kjente call and respons-låtar; som Chinito Chinito med Chaves Ravine og Ry Cooder, som Out in the woods med Leon Russel eller Say it loud med James Brown. For å nemne nokon.
(Eg tenkjer også på Beate Bjella, Astrid Smeplass og Steinar Albrigtsen sine kalling og svar på Kjell Hårspray.)
Er utruleg stolt og glad for at Kvedarkvintetten ville vera med på dette. Og forresten: Silje Risdal Liahagen er i år nominert til spellemannsprisen med bandet Hekate. Berre nemne det.
KVEDARKVINTETTEN
Silje Risdal Liahagen (vokal)
Tonje Risdal Liahagen (vokal)
Sina Myhr (vokal, langeleik)
Margit Myhr (vokal, lyre)
Helga Myhr (vokal, hardingfele)