Studiolaboratoriet

Ein gong spurde NRK meg om kven Geir Sundstøl var. Eg sa han var halvt menneske og halvt gitar.

Det hadde ikkje blitt Velkomen Skodde, utan produsent Geir Sundstøl. Daniel Lanois har produsert ein sang, men Geir Sundstøl har produsert ni.

Norge Rundt

Geir Sundstøl og eg har spelt saman sidan 2009. Me har vore i studio og farta landet rundt, fleire gonger. Sidan 2023 har han også produsert innspelingane mine: Nysetmåne, Heil Ved Musikken, Live i Sentrum og no Velkomen Skodde. Både Geir og eg er stolte av at me har eit nytt album no. I 2025 gjorde me 80 spelejobbar i lag. Som vart ny rekord. Så det er ei sann glede at det vart ei ny langspelplata oppi det heile.

Alt kan skje

Det gjekk i gleden også. Geir arbeidar trufast framover i sitt kjære Studio Intim. Alt kan skje der. Dei mest overraskande tanke og musikksprell. Studio Intim er laboratorium, forskningsstasjon, dokumentasjon og innspelingsarena. Og tilsammen er Geir og studio verneverdig med viktig oppdrag.

Forrige
Forrige

Kunngjeringsbyrå