Brukte Dylan-kamera

Frå Time out of mind til Velkomen skodde. Kunngjeringsbyrået leverer.

Ettersom arbeidet med Velkomen skodde skrei fram, kontakta eg designar Håvard Gjelseth. Dei siste åra har me arbeidd mykje i lag. Gjelseth er prislønna formgivar med hundrevis av platecover bak seg. For meg har han laga Øvre-Ål Toneakademi, Heil Ved Musikken, Jordsjukantologien Musikken, Live i Sentrum og Nysetmåne. Det er alltid ei glede.

Kunngjeringsbyrået

Så eg spurde Håvard:

- Er du med på ei langspelplate til?

– Ja. Men denne gongen må me ha fotograf, sa Håvard.

– Har du nokon i tankane? Spurde eg.

– Eg arbeidar mykje med Marthe Amanda Vannebo. Det blir alltid bra. Me kallar oss Gjelseth & Vannebo Kunngjeringsbyrå, når me gjer jobbar i lag, smilte Håvard.

Kunngjeringsbyrået på inspirasjonstur til Tynset. Foto: Lisa Marie Husby

Dylan og Leica

Gjelseth spurde om eg hadde preferanser til cover.

– Eg er jo veldig glad i alt rundt Time Out Of Mind-plata, då. Både i form og innhald, sa eg, tullete og pretensiøs. Alt på ei gong.

– Men då er jo Vannebo verkeleg den rette fotografen, svara Gjelseth raskt, og forklarte: Vannebo arbeidar nemleg med Daniel Lanois, som produserte Time Out Of Mind! Faktisk har Vannebo det Leica-kameraet Lanois tok bilete av Dylan med, altså framsida på Time Out Of Mind. Slå den, forklarte Gjelseth alvorleg.

Slik gjekk det når Marthe brukte Dylan-kameraet på meg, sjekk foto under:

Forrige
Forrige

Fem raske

Neste
Neste

Ved foten av Georgian Bay