Alle tekstane:
Stein Torleif Bjella tekst, musikk og sang.
1. SKODDE
Velkomen skodde. Velkomen hit.
Stod du bak fjellet, stor og kvit.
Velkomen skodde. Somaren gjekk med.
Eg kava på. Venta på deg.
Velkomen skodde. Pakk meg inn.
Eg treng å kvile, mot ditt kinn.
Kjære skodde. Eg tvila visst.
Er du den rette, slik som sist.
Kjære skodde, noko brast.
Alt eg trudde ska revurderast.
Kjære skodde. Det er fleire fjell.
Ukjente stjernu som lyse i kveld.
Velsigna skodde. Eg heldt meg her.
Fær kvilepuls tå ditt vêr.
Velsigna skodde. Endeleg ro.
Gjøtehovda, er borte no.
Velsigna skodde. Du er den rette.
Eg håpa skodda ikkje skal lette.
Daniel Lanois: Piano, pedalsteel, bassgitar, shaker, symfoniske dubs.
Erland Dahlen: Klukku.
Geir Sundstøl: Nylonstrengar.
2.LIVET ER FOR DEN SOM LEVE
Eg hadde meint å trekke meg.
Eg hadde meint å dekke meg te.
Med rustning og tjukt skal.
Siste utveg er å vera hard.
Det va folk overalt.
Ingen puls og berre kaldt.
Ikkje eit auga å sjå.
Ingen kontakt å få.
Det va kje meir eg kunne gi.
Det va kje meir eg kunne si.
Alt va vanskeleg uansett.
Det var berre eg som hadde rett.
Syns eg berre gav og gav.
Ingen høyrde det eg sa.
Ingenting fekk eg te.
Alt eg såg var berre ned.
So flaug du inn i rommet mitt.
Lyfta meg med blikket ditt.
Strakk fram ein venleg neve.
Livet er for den som leve.
Erland Dahlen: perkusjon
Steinar Albrigtsen: Kor
Beate Bjella: Kor
Geir Sundstøl: El-gitar, 12-strengs dobro, nylonstrenger, pedalsteel og bassgitar
3.HIMMELEN VAR VID
Du veit stigen i frå kyrkja bort te fjords
finaste strekket her på jordn.
Du veit akkurat der åne gjer ein sving.
Det var der som du sa at eg va din.
No legg eg allting bak so fort eg kan.
Alt med deg og at eg ville bli din mann.
Du sa du ville bygge upp att gardn.
Du sa eg kunne bli far til ditt barn.
Huden på din arm,
lyste og va varm.
Mi beste tid.
Himmelen var vid.
Eg veit at det kjem til gjera vondt.
Eg gav alt eg kunne til det var tomt.
Eg har ikkje tenkt å syte ell klandre.
Det er eg og meg og mitt eg ska forandre.
Ein må upp med huku for å få det bra.
Ein må smile med augun, det er det eg ska.
Og eg ska slutte å gå kveldsturen min
akkurat dit åne gjer ein sving.
Eg kjenne at det framleis er tidleg.
Hadde du ringt meg no, og sagt kom
hadde eg ikke eingong klart å tvile.
Eg hadde kome til deg med ein gong.
Kenneth Kapstad: Trommer
Erland Dahlen: Perkusjon
Eirik Øien: Bassgitar
Astrid Smeplass: Kor
Marc Ribot: El-gitar, tres og charango
David Wallumrød: Clavinet
Geir Sundstøl: Nylonstrengar og 12-str. dobro
4.KALD OG RESERVERT
Trudde eg var lur
sa alt det eg ville.
Hadde vore betre
og berre vore stille.
Trudde du trengte
og veta koss alt va.
Det va feil.
Det va kje det du ville ha.
Når eg va kald og reservert
vart du nær og interessert.
Nær og interessert.
Kald og reservert.
No skal eg endre alt.
Kopiere stilen din.
Ingenting er bra med
forvirra mannesinn.
Null progresjon
og karakterknekk.
Vera den som alder
ser Det Neste Trekk.
Alder skryt å få.
Koss hamna me her.
Alder eit godt ord.
Du va jo alder der.
No tek eg vare på mitt
som so stille låg
framfor mine føta
som eg ikkje såg.
Kenneth Kapstad: Trommer
Karin Okkenhaug: Kor
Davis Wallumrød: Hammondorgel
Geir Sundstøl: Nylonstrenger, pedalsteel omnicord og kor
5.TILBAKE TIL BYEN
So fekk eg ein ny ven.
So va du heime hjå mor.
So ei tid i nedre dalen.
So ei tid i øystre Hol.
So elska eg The Cure.
So va Bowie best.
So va eg åleine.
So va du på fest.
So ville eg bli lærar.
So lastebilsjåfør.
So skulle eg bli selgjar
å gå frå dør til dør.
So va du sterk og trygg.
So va eg livredd.
So va du høgt til fjells.
So va eg unde eit pledd.
Då du kom her
va du som eit lyn.
Må du reise alt no
tilbake til byen.
So va eg mild og varm.
So va du kald som is.
So va eg på det jamne
på eit vis.
So va eg stolt og sta.
Du gjekk på uansett.
Og halde seg i sjakk
det va kje akkurat lett.
Eg såg rett i kamera
i syden ein stad.
Eg hadde silkedress
den slær alder feil.
So kløyvde eg ved.
Det er din style.
So va eg berre din.
Du skulda ingenting.
Kenneth Kapstad: Trommer
Kvedarkvintetten frå Ål:
Silje Risdal Liahagen: Sang
Tonje Risdal Liahagen: Sang
Sina Myhr: Sang og langeleik
Margit Myhr: Sang og langeleik
Helga Myhr: Sang og hardingfele
Geir Sundstøl: Bassgitar, bassmunnspel, 12-strengs dobro, pedalsteel, nylonstrengar og perkusjon
Stein Torleif Bjella: Nylonstrengar
6.SUNDREBERGET
Ingen fær unga og veten er burte.
Eg har på godlukt og hawaiiskjurte.
Eg gir meg alder. Det kan eg sverge.
Møt meg i kveld på Sundreberget.
Nokon må jo ta fyrste steg.
Sikker på det finns ein ny veg.
Gløym panikken og nødverge.
Møt meg i kveld på Sundreberget.
Møt meg på midten, på tvers og kryss.
Møt meg på langs og møt meg med kyss.
Ikkje i Oslo, ikkje i går
ikkje i Bergen ell te neste år.
Eg gir meg alder. Det kan eg sverge.
Møt meg i kveld på Sundreberget.
Fix deg upp og ta gullsko på.
Eg kjem te knekke sammen då.
Nybarbert og med alt på stell.
Møt meg på Sundreberget i kveld.
Eg har tenkt å vise kem eg er.
Eg har tenkt å rive muren ned.
Eg ska gjera det på eit fjell.
Møt meg på Sundreberget i kveld.
Ikkje i drøyme og ikkje på nett.
Ikkje i sentrum. Det blir for lett.
Ikkje te himmels i ei ferge.
Møt meg i kveld på Sundreberget.
Kenneth Kapstad: Trommer
Karin Okkenhaug: Kor
Davis Wallumrød: Hammondorgel
Geir Sundstøl: Nylonstrenger, pedalsteel omnicord og kor
Marc Ribot: El-gitar, tres og charango
7.KJELL HÅRSPRAY
Mange va sjalu
og imponert.
Reiste til Finland.
Med spray og dram.
Levde usunt.
Drakk påsken rundt.
Fram til Sankthans.
Sveis med glans.
Like a swimmingpool.
Kom kje heim til jul.
Var kje fødd i går.
Hadde volumhår.
Vart alder grå.
Kor vart du tå.
Tusen sjøers land.
Var livets mann.
Feira på spreng.
Gjekk tom for peng.
Rana ein bank.
Vodkaen var blank.
Var god på styling.
Me visste ingenting.
Erland Dahlen: Trommer og perkusjon
Eirik Øien: Bassgitar
David Wallumrød: Arp-synth
Astrid Smeplass: Kor
Beate Bjella: Kor
Steinar Albrigtsen: Kor
Marc Ribot: El-gitar
Geir Sundstøl: El-gitar og nylonstrengar
8.DU
No er du overalt.
Det er berre deg eg ser.
Du tek all mi tid.
Ingenting anna skjer.
Prøvd å gløyme deg.
Prøvd å si til meg sjøl.
At du er eit blaff.
At alt var betre før.
Du
Eg kan kje stoppe no.
Det har gått vikusvis.
Det berre strøyme på.
Redd det har ein pris.
Ko gjer du akkurat no.
Kjenne du ingenting.
Går det berre ein veg.
Har eg blitt heilt blind.
No er du overalt.
Det er berre deg eg ser.
Du tek all mi tid.
Ingenting anna skjer.
Erland Dahlen: Trommer og rasle.
Kristin Skaare: Piano, trekkspill og kor.
Runa Cecilie Waterloo Hovstein: Kor
Bergljot Bjella: Kor.
Geir Sundstøl: Bassgitar, pedalsteel, omnicord og kor
9.HØGE NORD
Eg sit i kjellaren i sol og regn.
Speida seint og tidleg ette livstegn.
Hadd du tatt kontakt, hadd eg lagt meg flat.
Kall meg patetisk. Kall meg desperat.
Før las eg bøka og skreiv eigne dikt.
Før spelte eg gitar og laga musikk.
I fjor sommar; det va då alt slutta.
No lev eg i mørkret; kryptovaluta.
Du ville starte på ny.
Du drog til høge nord.
Du ville ha endå meir
nytt liv med nye ord.
Håpa du smile når du tenke på meg.
Hadd eg fått meir tid, skull eg fått det te.
Eg ser det no; eg prøvde for hardt.
Kan du hugse meg, i det heile tatt.
Du va jo alltid so heimekjær.
Då kan vel stikke innom når du er her.
Til gamle venen din.
Til ei forandring.
I går var det ingenting som eg skulle.
Sette meg bak rattet, let bilen rulle.
Forbi gjennom sentrum, med retning mot deg.
Snudde heim ved Leira. Kjem alder te å skje.
Kenneth Kapstad: Trommer
Eirik Øien: Bassgitar og synthbass
Karin Okkenhaug: Kor
Geir Sundstøl: National-gitarar, pedalsteel, minimoog og kor
Stein Torleif Bjella: Nylonstrengar
10.LENGTE, LENGTE
Her kjem ein liten sang om det å lengte.
Det va kanskje ikkje akkurat det du trengte.
Dessverre er eg redd du berre må
for det er berre slikt eg går å tenkji på.
Situasjonen bli jo alder betre
før eg klara å kontrollere
lengten, som sit så hardt i meg
at eg lenger ikkje veit kem eg er.
Lengte, lengte, lengte, lengte, lengte
vente, vente, vente, vente, vente
på at allting snart skal snu
og at redningen for meg
det er du.
Lengsel kan gjera meg til null.
Lengsel kan gjera meg so eldfull.
Gnistra og set meg upp i fyr
minna om at livet er eventyr.
Erland Dahlen: Xylofon, sag og perkusjon
David Wallumrød: Orgel
Eirik Øien: Bassgitar
Marc Ribot: Ak-gitar, el-gitar og althorn
Geir Sundstøl: National-gitar, mandolin og kor.
Stein Torleif Bjella: Nylonstrenger