Hadde planen klar
Astrid Smeplass, popdronninga over alle, syng med på Velkomen skodde.
Foto: Carola Häggkvist/Skodda Tidende
Eg er så stolt over at rennbyggen Astrid Smeplass er med på plata. Og det på dei samma sangane som den smale, superoriginale jazzimpro-gitaristen Marc Ribot spelar. Berre dette uventa toppmøte i musikken, gjer det heile.
Eg vart kjent med Astrid under tv-programmet Hver gang vi møtes 2025. På Velkomen skodde syng og korar ho med på singelen “Himmelen var vid”. Astrid kom i studio til Geir Sundstøl ein ettermiddag. Ho hadde sjølv ein klar plan over korleis stemma og sangarrangementet skulle vera og bli. Astrid sang gjennom eit par gonger, også var det i opptak og reint gull vart det.
På “Kjell Hårspray” er Smeplass noko meir i bakgrunn. Men sjølvsagt supergod og perfekt style der og, saman med Beate Bjella.
Øvelseskøyring med Astrid. Foto Stein Torleif Bjella/Skodda Tidende