Produserte skodde
Etter fleire dagar prøving, meldte Daniel Lanois: “I found my way in”.
Sommaren 2025 spelte Marthe Amanda Vannebo av delar og demos frå Velkomen Skodde til Lanois i bilen. Dei to turnerte då i Canada. Etterpå sendte Lanois melding til meg og skreiv han gjerne ville spela pedalsteel på nokre sangar. “I am at your service”, skreiv Lanois til meg. Eg hugsar at eg akkurat hadde gått av storscenen på Øya. Då eg opna telefonen, og las meldinga, var det vanskeleg på tru på. Måtte lesa fleire gonger. Etter sms-sjokket, laga produsent Geir Sundstøl og eg plass til pedalsteel på fire sangar på plata, og sendte til Canada.
Moonlight
Så vart det skummelt stille frå Toronto ei tid. Før Marthe kunne melde at Lanois heller ville arbeide berre på ein sang, nemleg Skodde. Han såg dei andre som ferdige, sa han. Så etter eit par viku i studio med Skodde, kunne Lanois melde til Marthe. “I found my way in”. Lanois tok vare på sangen min, og ein nylongitar i opptaket. Alt anna ville han laga og legge på nytt; bass, shaker, dubs, piano, pedalsteel, atmosfæriske dubs. Så han regelrett spelte og produserte det heile på nytt. Etter nokre veker fekk me sendt heim Skodde, ferdig miksa og mastra. Slik, akkurat slik, ville han ha det.