Rennebu leverte

Eg er ikkje så reint lite stolt over og få med Astrid Smeplass på Velkomen Skodde, popdronninga over alle, på sama låta der den superoriginale jazzimpro-gitaristen Marc Ribot spelar. Berre dette uventa møtet i musikken, gjer plata for meg.

Eg var kjent med den populære artisten Astrid Smeplass under tv-programmet Hver Gang Vi Møtes 2025.

Eg vart både glad og stolt då ho ville synge med på Himmelen Var Vid. Smeplass kom i studio til Geir Sundstøl. Ho hadde sjølv ein plan over korleis stemma og sangarrangementet skulle vera og bli. Rennebuen sang gjennom eit par gonger, også var det i opptak og reint gull vart det. Profft og smakfult.

På Kjell Hårspray syng Astrid Smeplass noko meir i bakgrunn. Men supergod og perfekt style der og, no saman med Beate Bjella.

Forrige
Forrige

Karin kora

Neste
Neste

Fløyelstemma