Innegubbe

Har sett det ryk lenger ned.
Der bur det ein te
som styre på med sitt.
Eg har vurdert å ta ein tur
dit han andre bur
og fortelja om mitt.

Kunne ha siti ved eit kjøkenbord.
Sett ut glaset mens tankan fôr
over Sangenut.
Det har bygd seg upp so mangt.
Kjekt å møte folk i blant.
Koma seg litt ut.

Har alder meint å presse meg på
men det kunne ha vore interessant å
sjå og høyre koss andre lev og bur.
Kanskje har eg eit par tips på lur.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
som står bak gardine som ein skugge.

Bli eg stille og går tom
kan me la radion
ta seg tå praten min.
Me kunne ha køyrt ein tur i soln.
Uppå åsen på inspeksjon
som kompetanseteam.

Har alder meint å presse meg på
men det kunne ha vore interessant å
orientere om siste nytt.
Tilstandsrapport frå ein lenger upp.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
som står bak gardine som ein skugge.

Om du treng ein venn midt i viku ell på fest.
So veit du kem som gjedne kjem som gjest.

Det er sure folk alle stad.
Ko er det dei alle ha
mista true på?
Sjøl er eg sosial og lysteleg.
Sjøl om det ikkje alltid er
like lett å sjå.

Har alder meint å presse meg på
men det kunna vore interessant å
prate litt om ting me burde ha gjort no
og om dagens høge tempo.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
som står bak gardine som ein skugge.

Om du treng ein venn midt i viku ell på fest.
So veit du kem som gjedne kjem som gjest.


Søt harmoni

Det bur so mykje i meg hadde du visst det hadde du alder banka på.
Når eg fyrst kjem i siget er eg seig og du kjem alder herifrå.
I mange år so var eg sjøl eit temmeleg hemmeleg kunstverk.
Tapserfaring har gjort meg synleg og sterk.
Eg kan høyre hjarta slær.
Det er sovidt føtan ber.

Klar for kvinnehenda.
Klar fordi eg stunda
etter liv i søt harmoni.

Dilta ette skuggen unde luggen min i årevis.
No har eg parkertn og ekspedertn takk og pris.
No er eg god på munn te munn og på open fri luftveg.
No blés eg liv i leiren sjøl om du syns eg er umogeleg.
Eg har sydlands temperament.
Du ligg ekstremt godt ann.

Klar for kvinnehenda.
Klar fordi eg stunda
etter liv i søt harmoni.

Det bur so mykje i meg hadde du visst det hadde du alder banka på.
Når eg fyrst kjem i siget er eg seig og du kjem alder herifrå.


Tvangsgutan kompani

Der sit han som eingong sa
at eg va ein klovn på livets arena.
Han er ein orm med giftig bitt.
Ein sann kødd med reptilblikk.
Han sa eg kom te angre på mitt liv.
For eg skriv sanga og overdriv.

Kunne ha spent på crossjoggeskoen.
Kunne ha jobba i administrasjon.
Stramma inn buksebeltet
men eg vil satse på kunstfeltet.
Mot kaos skal eg sloss.
For å få eit lite pust tå kosmos.

Det kan bli tungt
når det tvinga seg fram.
Det kan bli vondt
å bli fri med sang.
Her kjem Bjella med komp.
Tvangsgutan kompani.

Etter førti år på min himmelveg
går eg framleis med barnesteg.
Med indre arbeid i hundre prosent
er lite vunne og lite tent.
Har høyrt koss det buldra over åsen.
Har sett eit varmt hjarta bli frosen.

Eg lengta ut so ville eg heim.
Local is the universe, sa ein.
So eg gjekk burt vegen for å sjå
det store i det små.
Då eg såg inn i framtide mi
vart eg ufør ei vikus tid.

Det kan bli tungt
når det tvinga seg fram.
Det kan bli vondt
å bli fri med sang.
Her kjem Bjella med komp.
Tvangsgutan kompani.


På pallen

Eg sit på ein ustø europall
og syng ein nysjølskriven trall.
Om det innerste i livet mitt
på handelens dag i ditt distrikt.
Ein full fyr står å ser på
klamra seg te dama.
Han si at no må eg snart sjå
å spela Sweet Home Alabama.

Nokon balansere når dei gå.
Hjølpelaus når det røyne på.
Eg har sett uppgang og stygge fall
frå store høgdi og frå ein pall.
Som gamalt lauv i vind
som papirbåt på svarte fjordn
kjempa eg med musikken min
og havarera i soln.

Progresjonen er kje stor.
Eg er glad du ikkje ser meg mor.
I skallen svirra store ord og ting
eg alder burde ha gjort.

Takk te mor og far for at eg fins.
Dei brukte å kalle meg for prins.
Då var eg ein kjekk og frampå russ.
No gjer eg folk nervøs og i stuss.
Det er visst noko med augun.
Dei klara alder å roe seg.
Det smitta over på publikum.
Ein prins ville alder gjort det.

Progresjonen er kje stor.
Eg er glad du ikkje ser meg mor.
I skallen svirra store ord og ting
eg alder burde ha gjort.

Eg kryssa kyrkjegarden i dag.
Gudsforlatt, men i godt slag.
Ingen flagga på halv stong.
Berre ein snøggtur denne gong.


Romantikken gjer meg sjuk

Lagt vonde visu og trøbbeltanka bort.
Dei hjølpe lite skal eg få noko gjort.
God vilje og varm energi
er det som funka på jenta mi.
Ska eg rope høgt? Det er like før.
Når eg lét att augun ser eg meg sjøl.
I akrobatisk gledesrus
på veg te deg, søte pus.

Du vil kje sakne det du forlét
for eg ska kysse so jesus gret.
Du er redd vegen bli for lang.
Du har kje sett meg når eg legg på sprang.
Kan eg få vegrett heim til deg?
Du skal få bruksrett på heile meg.
Eg kan smile og bli forbanna.
Er teatralsk om ikkje anna.

Når du kjem med heile deg. Det er kje te å halde ut.
Hjarta dele seg. Romantikken gjer meg sjuk.

No veit eg ko som venta.
På sjølstyr i Åleineland.
Det einaste som virka
er stor stor avstand.

Når du kjem med heile deg. Det er kje te å halde ut.
Eg kjem kje lenger ned. Romantikken gjer meg sjuk.


Satan i unge år

Har lasta bilen og gjort meg klar.
Opna skjurta og har bringa bar.
Tek dag for dag. Smerte er ein leik.
Skit i nederlag og et berre steik.
Gje meg ein sjans te.

Eg kjem garantert dramafritt.
Denne gongen med folkeskikk.
Full kontroll på meg sjøl.
Rekonstruere det som var før.
Gje meg ein sjans te
skal eg gjera allting rett.
Ta vare på kjærasten
som eg fekk.

Køyre jøno ulendt terreng.
Brøyte vegen for deg når du treng.
Liggji fyri slik at du
kjem trygt fram og slepp å snu.
Gje meg ein sjans te
skal eg gjera allting rett.
Ta vare på kjærasten
som eg fekk.

Gje meg ein sjans te
skal eg køyre vegen beint.
Heim te kjærasten
med hjarta reint.

Eg kalla upp satan i unge år.
Det har eg fått svi for der eg går.


Tre viku

Fyrste viku var moro, du lo tå alt eg sa.
So vart eg eit minne du ikkje ville ha.
Bloman eg gav deg visna altfor fort.
Varmen eg sendte bles berre bort.

Me brukte dagan utta ein plan.
Du ville vera her og ingen andre stan.
So vart det stille ette viku to.
So kom den trea. Det var då eg forstod.

Lengsel har høg pris. Eg burde ha sett det kom.
Eg lika kveldsbris. Du må ha storm.

Eg si ingenting om nokon spør.
Alt eg kjenne heldt eg for meg sjøl.
Eg gløyme deg alder om Hallingskarvet fell.
Du sa elskling, det var kje uss likevel.

Lengsel har høg pris. Eg burde ha sett det kom.
Eg lika kveldsbris. Du må ha storm.

I hjørna tå hjarta har du rom og seng.
Det er godt å veta. Sjøl om du alder kjem.
Kollaps på rekordtid. Det gjekk slik det måtte gå.
Eg gjekk frå konge te og bli, ein du ikkje ville sjå.


Liten ball

Eg er han som kom på sisteplass i skuleskirenn.
Eg er han som kom i mål når dei andre kom heim.
Eg er han som hadde skakk lugg og fritt fall.
Eg er han som alder fekk te kaste liten ball.

Eg er han som mista badebuksa midt i stupet.
Eg er han du alder spelte ballen te.
Har du nokon gong i det minste tenkt på
det kunne ha vore deg.

Eg er han som alltid rota bort gymposen.
Eg er han som køyrde snurren fast i glidelåsen.
Eg er han som fekk snøbank i storefri.
Eg er han som fekk kledun ette storesyste mi.

Eg er han som mista badebuksa midt i stupet.
Eg er han du alder spelte ballen te.
Har du nokon gong i det minste tenkt på
det kunne ha vore deg.

Men du har kanskje alder tenkt slik sjøl.
Hadde eg møtt deg no ville du ha vore akkurat som før.
Eg ville kjent deg att som tusen blåmandaga
mens du knapt nok hugste kem eg va.


Solguten

Endeleg so kjem eg heim.
Eg har musikk i øyrudn.
Eg va burte i ei sky.
No er eg ny unde huden.

Det var ein tur på fleire døgn.
Berre eit frå verdens ende.
Eg var i sentrum då det smalt
og såg alt som hende.

Kom no.
Du fær kje lov å stoppe her.
Kom no.
Du har alder før vore so nær.

Eg kjem olympisk inn frå vest.
Eg har musikk i øyrudn.
Eg skin lyst og stort.
Ta i mot Solguten.

Eg er eg klar for meir.
Svinge gitaren i det fri.
Det skjer meir med lyset på
enn du kan sjå på dagtid.

Kom no.
Du fær kje lov å stoppe her.
Kom no.
Du har alder før vore so nær.

Her er alt slik du vil ha det.
Her kjem ting rett upp frå jorde.
Fjellseilas på bølgan blå.
Og eg var med frå børjan tå.

Kom no.
Du fær kje lov å stoppe her.
Kom no.
Du har alder før vore so nær.
Kom no.
Du kan reise med meg herifrå.
Kom no.
Det er ingenting å vente på.


Moromann

Kan du hugse Moromann?
Spelte gitar med schwung.
Fortalde skrønu og sang.
Sjekka jentu på sekund.
Moromann vekte sole.
Var gledens lokomotiv.
Te han møtte Melankolie.
Lyset i hass liv.

Ho ville alder le.
Te slutt sa Moromann:
Eg orka ikkje ein dag te
her i ørkenland.
Ser du ikkje at du driv
meg mot eit svart høl.
Om du ikkje bli litt positiv
kan eg bli melankolsk sjøl.

Ingenting er verre
enn å bli som han.
Alle berre ler tå
og syns synd på.
Ein melankolsk moromann.

Ho prata om livets gåte.
At alt bli burte te slutt.
Han klarde ikkje lenger få te
å more seg i eit menutt.
Moromann gjekk over bord.
Ingenting var lenger som før.
Sorg og død på vår jord
har gjort han melankolsk sjøl.

Ingenting er verre
enn å bli som han.
Alle berre ler tå
og syns synd på.
Ein melankolsk moromann.

No ligg ho på armen.
No heldt dei seg heime.
Heller melankolsk i sammen
enn morosam åleine.


Jordsjuk

Kjenne eg har vorte jordsjuk.
No vil eg ha meire grunn te eige bruk.
Eg står ved gjerdet og passa på
og høgg te når nokon fell i frå.

Åre renn i årinn.
Våren kjem og bloman spring.
Lukke er ikkje eit liv i fred
men kampen for å vera den du er.

Når eg fær krangle kjem eg i form.
Augun bli svarte som på ein orm.
Buskun i skogen er mi syste og min bror.
Eg høgg dei ned før dei bli for stor.

Alle bekkjin som eg eig skal eg leggje i røyr.
Fjellfossen tek eg med meg når eg døyr.
I fjøset har eg ingenting.
Turbinen er gullkalven min.

Skulle ha kara te meg meire før.
Då eg hadde sjansen stod eg og søv.
Det ska kje skje ein gong te
som haren står eg vakjin og fålgji med.

Kjenne eg har vorte jordsjuk.
No vil eg ha meire grunn te eige bruk.
Eg står ved gjerdet og passa på
og høgg te når nokon fell i frå.