Visepsykiatri

Eg ha møtt folk på veg opp.
Eg ha møtt folk på veg ned.
Eg ha alder stoppa opp
før eg møtte deg.

Eg ha trakka på bloma
sliti asfalten ned.
Siti sundt ein sofa
før eg møtte deg.

No må eg starta med noko
eg bi borte i
so eg slepp å tenkji på deg
visepsykiatri.

Eg ha prøvd is i magjin
eg ha prøvd med å le.
Men når eg let att augun
ser eg berre deg.

Eg ha klivi høgt te fjells
sprunge heile vegen ned
sjølv når eg er langt te skogs
ser eg berre deg.

No må eg starta med noko
eg bi borte i
so eg slepp å tenkji på deg
visepsykiatri.

Og eg må låte, som små akvarella
rosa og lyseblåe, måneskinnskvelda.
 


Redningsmann

Der kjem ho som va tidleg vaksen
va i lag med berre guta.
Kom og henta ho på skuleplassen
viste fingen jøno bilruta.
Brukte sea den tid den sorg.
Brukte hengji rundt Sundre torg.
Køyrde bygdevegan upp og ned.
Eg vil kje tenkji på ko dei dreiv med.

Summe sa dei hadde sett ho
i kjøpesenteret på lyse dagen.
Sprada rundt so folk mått glo
hadde vist burt heile magen.
Hadde temmeleg brå natur
kjaften gjekk som haglskur.
Treng ein mann med muskelkraft
som kan slåss og halde kjaft.

Smil som ei sol, eg veit du kan
i blomeengji venta ein redningsmann.
Klar for kjærleik på vår jord.

Hadde piercing og tatovert seg
mor og far såg ingenting.
Trudde ho ville bi overlege
spesialist på øyre-nase-ring.
Køyrde moped utta hjelmen på
gav pokker om potta datt tå.
Banka bygdebøgen huden full
eg ofra alt for hennar skuld.

Smil som ei sol, eg veit du kan
i blomeengji venta ein redningsmann.
Klar for kjærleik på vår jord.


Heidersmenn

No har han vorte koko i skallen
no tusla han rundt i ring.
Det skjedde då mor hass drog
og han mått stelle hagjin sin.

Det va lettvint tå mor hass
å berre seile burt frå alt.
La godguten bi åleine att
med kokkelering tå mat.
Husstell og butikkjag
upp or sengji kor dag.

Du veit alder når sviket kjem
det ramma alltid heidersmenn.

Dei hadde grei arbeidsdeling
det va alder bråk om det.
Ho styrde inne – og ute
han tok ansvar for ved.
Ho likte å jobbe nott og dag
han va alltid i kjempeslag.

Du veit alder når sviket kjem
det ramma alltid heidersmenn.

No er han redusert te ein liten mann
sjølv om han kjem frå vikingland.
Nokon har dårleg hjartelag.
Nokon har dårleg hjarteslag.

Eg kjenne so altfor mange
kjekke kara som fekk svi.
Stanga på åleine
med so mykje å gi.

Du veit alder når sviket kjem
det ramma alltid heidersmenn.


Kamerat mot kamerat

Du går og leie rundt omkring
på den lekre fruen min.
Ha alder sett ho so glad
gode venni er gode å ha.

Eg går rundt i mitt tomme hus
du går rundt i elskovsrus.
Kan du hugse at eg sa
gode venni er gode og ha.

No vil ho springe, no vil ho le
no vil ho spankulere upp og ned.
So alle kan få sjå.
So alle kan forstå.

Skulle ha slått meg meire laus
ho sa eg va altfor taus.
Skulle ha skruvd på sjarmen før
gjett meir tå meg sjøl.

Hadde planlagt i detalj
no dett eg i fritt fall.
So feil kunne eg altså ta
gode venni er gode å ha.

No vil ho springe, no vil ho le
no vil ho spankulere upp og ned.
So alle kan få sjå.
So alle kan forstå.

Skulle ha reagert med hat.
Burde ha vorte sinna snart.
Skulle ha fått meg advokat
kamerat mot kamerat.

No vil ho springe, no vil ho le
no vil ho spankulere upp og ned.
So alle kan få sjå.
So alle kan forstå.


Psykisk kan du vera sjøl

So du vil knekke meg
det bi kje særleg pent å sjå.
Ein vaksen mann på kne
skjurte med snør og tåru på.
Før du tek ladegrep for godt
va det eit par ting eg ville si.
Du kan umogeleg ha fått
kyss og klem på ei tid.

Det fins dei som øydelegg
som laga djupe sår.
Eg kjenne fleire rotne egg
som berre tenkji på seg sjål.
Det fins gull og edelstein
hemmeleg helta som er taus.
Som står støtt på eigne bein
som alder fær applaus.

Sjå koss augun mine renn
hjarta mitt blør
psykisk kan du vera sjøl.
Kom hit og sett deg ned
du kan vel sjå litt stort på det.

Og du har skuffa meg
no har e sorg i mitt sinn.
Pressa deg fram te
mi inste grind.
Summe går på ryggen
summe går på vatn.
Eg sakna mamma
og den gamle katten.

Sjå koss augun mine renn
hjarta mitt blør
psykisk kan du vera sjøl.
Kom hit og sett deg ned
du kan vel sjå litt stort på det.


Kalas

Ein bygdis frå bygde mi
som ha budd i byen ei tid
låg og gret, i sofaen min
etter heimlengselen sin.
Han sa; skulle ha klart meg lengji på
tjue sau og flatbrødsoll.
Eit lite bruk pokker i vold
herifrå.

Klukka tolv kom eksen min
ho plaga uss med psyken sin.
Ho va sur og sa det va over no.
Det har vore slutt sea nittito.
Ho sa; før ville du tenne på ting
no har du sykkel med vesku på
luggen er tunn, feit er du og
feiging.

Ein kamerat frå Kristiansund
som va visna burt ei stund
spratt på bordet som ei fjør
han ville prate ved Gud sjøl.
Han sa; om det er slik at eg fær eit liv te:
Korfor må eg døy då fyrst?
Veit kje heilt om eg har lyst
å prøve det.

Grise-Lars er grov og rund
han sat ved sida tå Kristiansund.
Unde middagen skifta han karakter
han tok te kalle seg Vesle-Per.
Han sa; er det i orden at eg søv her i nott
kvelden og månen gjer meg redd
i mørkre har so mykje skjedd
fort og brått.

Og mens månen heng og skin
høyre eg at eksen min,
feia bygdisen frå gard og grunn.
Grise-Lars tek Kristiansund.
Eg tenkji; no ha eg jaggu jammen fått det te
ingen eg kjenne er slik dei ska
resten kan drite og dra.
Takk for meg.


Øvre-Ål Resort

Mjølkekvota er selt
odelsguten sagt morna.
Eg bur heller i telt
va det siste han sa.
Her er det berre gamlinga
og trygdebygdeharrya.
Med fue full tå statspeng
det er kje slike guta landet treng.

Med dubbelt fornamn
reiste han frå øvst i lie.
Klar te slå seg fram
i næringslivet.
For eg er neiggu ingen kylling
snart er eg århundrets halling.
Snart har eg min fyrste million.
Den nye Olav Thon.

I monster pick-up truck
traff han storbyen.
Gløymt va spenetråkk
og havregryn.
Eg kjem kje heim på fleire år
no er det pengan som rår.
Det bi kje akkurat ferie
å byggje businessimperie.

So vart han pleieassistent
på Ullevål sjukehus.
Det va kje mange kronu tent
å fylle gamlinga med juice.
Forretningsideen
gjekk i dass som berre feen.
Han høyrde stemma te mor si
– no er det sengetid.

Han høyrde Språkteigen
te han fekk hjartespreng.
Han ville heim te si eigen
uskuldige grend.
Han sakna mamma sitt smil
han sakna varme og kvil.
Han angra at han fór på dør
men no ska alt bi som før.

På troppe stod han far.
På tunet stod ein Rolls.
Silver shadow, blank og klar
kjekk når me spela golf.
Du skjøna at me har selt
halve garden te hyttefelt.
Men du kan sova her i nott
vi driver Øvre-Ål Resort.


Romantisk kjærleikssong

Om eg va ein diplomat
taffeljazz og hyggeprat.
Eg likte jobben min
gartner og limousin.
Mottakelsa, småkaku
hageselskap, store møtu.
Eg representerte landet mitt.
Eg va ein draum i kjole og kvitt.

Og eg gløymde alder
at eg elska deg.
Det ville vore romantisk.

Om eg va ein gardbrukar
ein stødig og ekte kar.
Tusen sau, tusen mål
største garden i Øvre-Ål.
Datsun pick up, alder fri
silosvans og mjølkeky.
Det va kje like beint
eg jobba hardt, tidleg og seint

Og eg gløymde alder
at eg elska deg.
Det ville vore romantisk.

Om eg va ein astronaut
som upp frå jorde skaut.
Skuterdress i sølvpapir
eg jøno universet glir.
På bakkjin stod du og summe te
de lurde på kor det vart tå meg.
Eg va i det nødre verdensrom
og såg ting eg ikkje kan prate om.

Og eg gløymde alder
at eg elska deg.
Det ville vore romantisk det.


Lite peng

Går du og venta på at nokon kjem.
Går du og venta på at du bi den.
Legg du store plani i skjul
som ei løve ligg på lur.

Har du gått i årevis og sett på
mens alle andre gjekk rett på.
Du er kje akkurat den som kjem
som eit naturfenomen.
Det er fleir som er som deg. X 2

Va du ego og dårleg likt
fekk du stryk i sjølinnsikt.
Skulle ha tatt ein prat me to
funne ut kor me stod.
Problemet er kje i skallen din
men hjå alle rundt deg rundt omkring
Det er fleir som er som deg. X 2
Har sjele di fått varig mén
tå lite peng og dameproblem.
Det er fleir som er som deg.

Kjære Gud
du er vel lei store ord.
Om du kjem; kom sjøl.
Ikkje send junior.

Har du vurdert å legge om
te litt roleg kontemplasjon.
Treng ingen masterplan
prioritere småting i stan.
Har sjele di fått varig mèn
tå lite peng og dameproblem.
Det er fleir som er som deg. X 2
Har sjele di fått varig mèn
tå lite peng og dameproblem.
Det er fleir som er som deg. X 2


Potensial

Turistadn køyre forbi
på nye afterski.
Kor vart det tå Telemarkskyre?
Kor vart det tå bygdedyret?

Eg flutte hit for å få fred
no går det stolheis over meg
no tek eg heisen ein dag
te eit nytt luftlag.

Du sit blåbærblå rundt kjaften og ler
det er noko i meg som du ikkje ser.
Eg hadde potensial
no er eg bygdeoriginal.

Her er ingen bleik ell sjuk
det skulle ha tatt seg ut.
Blodtrykket stig, muselorten flyt
det er like før isen bryt.

Trudde lengji det ville snu
at eg gjekk fri, og at det va du
som ville vente og sjå
som let det skure og gå.

Du sit blåbærblå rundt kjaften og ler
det er noko i meg som du ikkje ser.
Eg hadde potensial
no er eg bygdeoriginal.

Kunn ha vorte råskinn
i ei merkantil stilling.
Vore sentrum i selskapslivet
vorte gamal i Dollarlie.

Eg hadde potensial
no er eg bygdeoriginal.


Tiger på Sundretur

Skulle gått ein tur te Sundre
berre for å gå.
So eg slepp å stå og undre
om det va noko eg burde sjå.

Det er ingenting å le tå
det har skjedd store ting før.
Eg mangla ord når eg ser på
sikre kara som alder spør.
Eg bur øvst i bygde-Norge
ha liggji lengji nok på lur.
No spankulera eg over torget
her kjem Tiger på sundretur.

Svinga rundt ved Esso
det gløda inni meg.
No tek eg fyr, so det so
hokus pokus vil skje.
Eg er disponert for framgang
det er kje slik som du trur.
Like før eg treng brannmann.
Eg er kje den som snur.

Skulle gått ein tur te Sundre
berre for å gå.
So eg slepp å stå og undre
om det va noko eg burde sjå.

Vakla mellom HÅP og Beijing
dei skulle ha slått seg i lag
med turing og med frelsing
so rekk du alt på ein dag.
Om du er engel eller svin
om du er blid eller sur
kinapub med pinsevennin
her kjem Tiger på sundretur.

Skulle gått ein tur te Sundre
berre for å gå.
So eg slepp å stå og undre
om det va noko eg burde sjå.

Skulle gått ein tur te Sundre
berre tatt ein kort visitt.
So eg slepp å gå og undre
om det har skjedd noko nytt.

Beijing er kinarestaurant og pub.
På motsatt side av vegen ligg Hol og Ål pinsemenighet (HÅP).
Sundre er Ål sentrum.